Påmelding
Meny

Student

Bli med på Student’s Corner under Aqkva-konferansen 2024!

 - “Som student er muligheter som Student’s Corner veldig spennende og sjeldne. En møter hele næringen og hører spennende foredrag fra fagfolk og næringslivet. Samtidig får man presentert seg selv og sitt arbeid. Jeg vil derfor oppfordre alle som har mulighet til å søke om plass til Student’s Corner 2024.” Brede Fannemel, vinnar av Student’s Corners beste poster 2020.

 

Er du student og har du eller er du i gong med å skriva ei oppgåve relatert til havbruksnæringa?

På Aqkva-konferansen inviterer me studentar til å delta på standområdet «Student’s Corner» der du får moglegheit til å visa frem ditt arbeid for næringa. Her vil du møta aktørar frå heile verdikjeda, og kanskje treff du din framtidige arbeidsgjevar. Me deler ut pris for beste poster under konferansen - premien er kr 10.000,-

 

Kven er du?

  • Student på masternivå eller bachelornivå på høgskule eller universitet i Noreg
  • Du har skrive - eller er i gong med å skriva ei oppgåve relatert til havbruksnæringa
  • ....eller du har ein forretningsidé knytt til næringa

Kva får du?

  • Du får vist deg fram på Norges største havbrukskonferanse
  • Du får møta aktørar frå heile næringskjeda og knytt verdifulle kontaktar
  • Du er med i konkurransen om å vinna pris for beste poster: kr 10.000,-
  • Du får rabatt på 50% på konferanseavgift og festmiddagen om kvelden

Kva treng du å gjera for å delta?

  1. På påmeldingssida (link under) registrerer du deg med namn, kontaktinformasjon, kva du studerer og kor du studerer.
  2. Du vil bli bedt om å gje eit lite abstrakt av prosjektet eller oppgåva du ønskjer å presentera under konferansen. I skildringa ønskjer me at du inkluderer problemstilling, metode, funn (om relevant), og konklusjon (om relevant)
  3. I løpet av januar vil du få beskjed om du vert valt ut

 

Søknadsfrist: 12 januar 2024

Link til påmeldingsside

 Mal til plakat

For spørsmål kontakt Øystein Stavø Høvig

e-post: studentscorner@aqkva.no / osho@hvl.no

 

-"Ved å være med på Student's Corner fikk jeg videreutvikle formidlingsevnen min og danne viktige nettverk med fremtidige arbeidsgivere." Julie Aga, vinnar av Student's Corners beste poster 2019.

 

Me brukar informasjonskapslar

AqKva AS | Org.nr. 816 535 832 MVA