aqKva-konferansen 2012 PDF Skriv ut E-post

 

 

aqKva-konferansen 2012 vert arrangert torsdag 19. januar på Stord Hotell.

 

 

Sjøkart for framtidig vekst

Årets aqKva konferanse vil ha fokus på teknologiutvikling for framtidig vekst.

Konferansen startar med plenumssesjon der me vil sjå nærare på korleis myndighetene legg til rette for vekst i ein sektor der ein har erklært industriell vekst. Me vil få høyra eksempel på korleis utbyggjarar møter myndighetene i skjeringspunktet mellom næringsutvikling og forvaltning.Og me stiller spørsmålet om havbruk er eit framandelement i kystkulturen.

Etter lunsj vert det to parallelle sesjonar der me vil setja fokus på tilhøvet mellom vill-laks og oppdrettslaks i lys av oppdatert status på lusesituasjonen. Kvar vil lusa vera i 2015 ? Me vil også få høyra meir om erfaringar med samordna brakklegging for bekjemping av lakselus.

Vidare vil me sjå nærare på marknad og teknologi. Kva var årsaken til priskrakket som me har opplevd i løpet av siste halvår og korleis koma på offensiven igjen ? Vidare vil me få høyra meir om produksjon av postsmolt i lukka system og erfaringar så langt.

Me ønskjer velkommen til ein spennande konferansedag på Stord!


Sjå programmet
for nærare detaljar.

 

aqKva konferansen er ein møtestad der næring, forskning og forvaltning kan møtast, utveksle erfaring og få ny kunnskap. Også i år vert det utstillarmesse som kan vitjast heile dagen.
Konferansen vert avslutta med middag på Stord Hotell, utdeling av aqKva – prisen og underhaldning.

 

Vel møtt til ein spennande konferanse!

 

Sponsorar

fhlSkrettingSparebanken VestPHARMAQ

Samarbeidspartnarar

Samarbeidspartnarar Samarbeidspartnarar Forskningsrådet Ocea - aquaculture solutions uni Miljø Stord Idrettspark Akvator